|
Den komande veka er det eksamenstid for nesten alle verdas regjeringar når klimatoppmøtet i København endeleg brakar laust. Som vanleg kjenner ei heil rekkje ikkje-statlege organisasjonar eksamensnervene like godt som forhandlarane, ettersom dei spelar ei viktig rolle med å setje dagsorden både i offentligheita og – får vi tru – overfor forhandlingsaktørane, skriv Kjartan Almenning, leiar i Én Verden, i Ny Tid 4. desember.
Organisasjonar både i Noreg og internasjonalt har først og fremst fokusert på krav om konkrete mål for utsleppsreduksjon, finansieringsmekanismar for tiltak i utviklingsland, og ulike former for støtte til utvikling av nye energiløysingar. Det er naturleg, ettersom alt dette heilt openbart vil bidra til å realisere målet om å bremse global oppvarming dersom ein København-avtale blir ein suksess.
Men altså dersom avtalen blir ein suksess. Det er ikkje sjølvsagt. Rett nok har Obama bestemt seg for å møte opp i København, og han gjer sikkert ein god jobb med å pynte på stumpane av ein avtale heller ikkje vertslandet lenger trur vert bindande. Men heller ikkje med USA på laget, og heller ikkje om ein bindande avtale kjem i hamn først om eitt år, kan vi vere sikker på om avtalen blir ein suksess. Vi må nesten konkludere med at svært få har lukkast med å setje halen på grisen i den offentlege debatten. Kyotoavtalen var ikkje god nok, blant anna fordi partane ikkje gjer nok for å oppfylle det dei har signert på. Uavhengig av mål for utslepp må ei ny avtale gjere det attraktivt for statar å halde det dei lovar.
Det er eit omfattande studium å kartlegge faktorar som har gjort Kyoto til ein svak avtale, og berre kostnadene ved implementering gjer det truleg vanskeleg å få til sterke sanksjonsmekanismar i ein ny avtale. Men nokre grep kan ein gjere. Enkelte grep kan til og med ha ein sjølvforsterkande effekt. Danninga av sterke internasjonale institusjonar med gode og forutsigbare rammevilkår har ofte den effekten på sikt at det vert skapt eit momentum for vidareutvikling, sjølv om utgangspunktet kanskje ikkje er så forpliktande. Ein slik organisasjon vil vere ein føresetnad for eit suksessrikt klimasamarbeid.
I dag finst det knapt nokon effektiv mellom- eller overstatleg organisasjon som arbeider særskilt med miljøet. Dei fleste av dei fleire hundre miljørelaterte internasjonale avtalene har sine eigne, små og dyre sekretariat som i litan grad samarbeider. Det næraste ein har eit overordna organ er United Nations Environment Program (UNEP), ein organisasjon utan særleg utøvande makt og ditto politisk eller økonomisk støtte – det lågaste årlege budsjettet i heile FN-systemet. Ein fragmentert og ineffektiv struktur gjer det ikkje sannsynleg at dette er institusjonen som skal koordinere klimaarbeidet i åra framover. Men det finst fleire forslag til alternativ.
Eitt forslag handlar om å skape World Environment Organisation (WEO). Anten ein vil byggje vidare på UNEP eller starte på nytt, handlar dette om å få ein sterk miljøorganisasjon som kan stå side ved side med (eller på andre sida av bordet for) andre sterke organisasjonar som WTO og WHO også innad i FN-systemet. Det krev eit sterkt utvida mandat, tilstrekkeleg med finansielle ressursar og autonomi.
Eit anna forslag – som ikkje treng vere konkurrerande – er opprettinga av International Court for the Environment (ICE). Den britiske koalisjonen som kanskje har kome lengst med å utreie ein slik institusjon, ser føre seg ein domstol med jurisdiksjon i høve statar så vel som personar og selskap, som inkorporerer alt arbeid i eksisterande tribunal under eksisterande miljøtraktatar, og som på sikt tek seg av all tvisteløysing og domstolsverksemd som gjeld miljøavtalene under FN. Den internasjonale straffedomstolen (ICC) flytta grensene for kvar internasjonal rett kunne gjelde. Ein slik domstol vil flytte dei enno litt til.
Svermeri og draumar? Tja. Det vert neppe realisert i København. Men då folk frå same miljøet som no debatterer ICE sette i gong diskusjonar og utreiingar om ICC, tok det ikkje meir enn eitt tiår før domstolen – mot alle odds – vart ein realitet. Og initiativet til å debattere WEO i København kjem frå Angela Merkel og Nicholas Sarkozy. For å sitere miljøvernministrane i Italia (Stefania Prestigiacomo) og Kenya (John Njoroge Michuki) i artikkelen Why We Need A World Environment Organisation (Guardian 28.10.09): ”A planet of six billion people, which will be nine billion by 2050, requires governments to plan for tomorrow, otherwise tomorrow will plan itself.” |